Kloakk sikter innan anatomi til ein felles opning for alle fordøyingsprodukt og forplantningsprodukt. Kloakkopning finst mellom anna hjå fuglar, amfibiar, haiar, lungefisk og nokre få pattedyr, som kloakkdyra. Pattedyr med morkake har derimot ikkje kloakk.[1]
Dei fleste virvellause dyr har også ein felles opning for fordøyingsprodukt og forplantningsprodukt, men vanlegvis vert ikkje denne omtala som kloakk.