Klagenfurt am Wörthersee (slovenskCelovec) er hovudstaden i delstaten Kärnten i Austerrike ved elva Glan. Han har om lag 90 000 innbyggjarar, og rundt 1 700 av desse er kärntiske slovenarar, som utgjer om lag 10 % av innbyggjarane i Kärnten.
Byen vart først nemnd på 1100-talet.
Det er ein vakker by omgitt av dei austerrikske Alpane, ein populært skistad, og med talrike parkar og 23 slott i området rundt. Om sommaren vert festivalen Altstadtzauber arrangert og Ingeborg Bachmann Preis, ein tysk litteraturpris, vert delt ut her. Viktige landemerker er Wörthersee og Schloß Hochosterwitz, eit imponerande og utilgjengeleg slott. Byen ligg ved breidda av Wörthersee, den varmaste fjellinnsjøen i Europa, og ein populær turiststad. Området vert kalla Austerrike sitt svar på Monte Carlo, og trekkjer til seg rike austerrikarar og tyskarar som kjem for å sjå og bli sett.
Byen har eige universitet og flyplass, og det finst òg eit slovensk gymnasium her.