Kjell Jacob Sollie (fødd 26. juni 1953) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han driv i dag eit byggfirma i heimbygda Ålen i Sør-Trøndelag.
Karriere
Sollie vann sølvmedaljen på 15 km under noregsmeisterskapen i langrenn 1977. Han kom i mål 3,7 sekund etter noregsmeisteren, Tore Gullen, men seks og åtte sekund føre dei neste på resultatlista, Magne Myrmo og Oddvar Brå. To år seinare vart det bronse på femmila under NM, berre Oddvar Brå og Lars Erik Eriksen gjekk fortare. Same sesongen gjekk han sitt truleg beste renn, han vart då nummer tre i verdscuprennet over 30 km i Falun, bak vinnaren, svensken Sven-Åke Lundbäck og Nikolaj Zimjatov frå Sovjetunionen. Sollie tevla for Ålen Idrettslag.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
- 1977: Nr 11 på 15 km i Holmenkollen
- 1979: Nr 3 på 30 km i Falun
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar