Kjell Børre Hansen (fødd 5. mai 1957) er ein norsk politikar som representerer Arbeidarpartiet. Hansen vart vald til ordførar i Ringerike kommune i 2007, av eit fleirtal som består av Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Han er 1. vararepresentant for Arbeidarpartet til Stortinget frå Buskerud.
Hansen har utover politikken bakgrunn frå Norske Skog Follum.[1] Han har vore tillitsvald i Fellesforbundet i ei årrekkje og har hatt verva som konserntillitsvalt for Norske Skog og styremedlem i føretaket.
Kjelder
- ↑ Øystein Sjølie. «Ordfører tviler på Norske Skogs beregninger». E24. Henta 30. desember 2007.