Rådhuset vart teikna av arkitekten Artur von Schmalensee og vart bygt i åra 1959-62. Bygningen var 49 x 49 meter lang og brei, og 45 meter høg.
Klokketårnet på taket på 26 meter vart eit kjent landemerke for Kiruna. Det vart teikna av Bror Marklund og innvigt i 1963.[1]
Rådhuset vart kalla «Igloo» av Artur von Schmalensee på grunn av den låge inngangen til ein stor open hall med høge lysinnsleppingar. I 1964 fekk bygningen og arkitekten Kasper Salin-prisen for «Sveriges vackraste offentliga byggnad». Rådhuset husa også ein kunsthall.
Flytting til nytt rådhus
Frå 2009 vart det lagt planar om å rive rådhuset, då aktiviteten til gruveselskapet LKAB hadde underminert grunntilhøva til sentrale Kiruna.
I oktober 2012 vart det lyst ut ei arkitekttevling om å teikna eit nytt rådhus. I september 2013 var vinnaren utropt som Henning Larsen Architects A/S med forslaget «Kristallen».[2][3]
I august 2017 vart klokketårnet på det gamle rådhuset teke ned og flytta til den nye bygningen.[1][4]
Bygningen vart riven våren 2019.[5][6]