Kielce [ˈkjɛlt͡sɛ] er ein by sentralt i Polen med like over 200 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Święty Krzyż-voivodskapet (sidan 1999) og tidlegare i Kielce voivodskap (1919–1939, 1945–1998). Byen ligg midt i Świętokrzyskiefjella (Heilage Kross-fjella) ved breidda av elva Silnica. Han var ein gong eit viktig senter for kalkstein, og er i dag eit handelssenter.
4. juli 1946 var staden åstad for ein pogrom der antisemittiske polakkar tok livet av 47 jødar i byen, medan 50 vart skadde.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Kielce
Reiseguide for
Kielce frå Wikivoyage