Kiek in de Kök (norsk 'Ein kik inn på kjøkkenet') er eit namn brukt om fleire festningstårn i det nordlege Europa. Namnet er nedertysk og vart i mellomalderen teke i bruk fleire stader på konkrete festningstårn. Ein kunne frå desse høge byggverka så å seie kike inn på kjøkkena til borgarane i husa nedanfor.