Kent Olsson
|
|
Statsborgarskap |
Sverige
|
Fødd |
1958 (67 år)
|
Idrett |
orientering
|
Utmerkingar
|
Q10524027
|
Kent Olsson (fødd 1958) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar. Han vart verdsmeister i 1987, året etter han vann den aller fyrste verdscupen i orientering.
Olsson fyrste VM-medalje kom då Sveriges stafettlag i 1983 kom på bronseplassen i ungarske Zalaegerszeg. Fire år seinare, i franske Gérardmer, vann han gullmedaljen, 59 sekund framom norske Tore Sagvolden. I 1989 fekk Olson sølvmedalje både individuelt og i stafett. To nye sølvmedaljar sikra han seg under VM 1991 i dåverande Tsjekkoslovakia, då på klassisk-distanse og kort-distanse. Frå nordiske orienteringsmeisterskap fekk Olsson med seg to stafettsølv og ein individuell bronsemedalje.
Med 117 poeng gjekk Olsson i 1986 til topps i den fyrste utgåva av Verdscupen i orientering, 5 poeng føre Øyvin Thon. I 1984 vann Olsson femdagars-tevlinga O-Ringen.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
- VM 1983: Nr 7 individuelt, bronse i stafett
- VM 1987: Gullmedalje individuelt, bronse i stafett
- VM 1989: Sølv individuelt og i stafett
- VM 1991: Sølv i klassisk- og kort-distanse
- VM 1993: Nr 4 i klassisk-distansen
Kjelder