Perioden til lysstyrkeendringa heng saman med snittlysstyrken til kefeiden, sånn at ein kan finna den absolutte storleiksklassen til han gjennom å måla denne perioden. So snart ein kjenner perioden, tilsynelatande og absolutt storleiksklasse, kan ein finna avstanden til kefeiden. Sidan kefeidar er synlege i eksterne galaksar, kan ein nytta kefeidar til å måla avstanden mellom Mjølkevegen og andre galaksar.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Cepheid variable» s. 80-81 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.