Karun-3-demninga er ei demning over elva Karun i provinsen Khuzestan i Iran. Demninga vart bygt for å møte energikrava til Iran og kontrollere flaum i elva.[2] Karun har dei høgaste utsleppsspaltene og dei største flaumane i Iran.[3]
Karun-3 har ein kapasitet på 2 280 MW,[4] og den årlege energproduksjonen er 4 137 GWh. Det gjer det til ein av dei største i Iran og er særskild nytta på sommaren då straumforbruket er høgt.
Demninga er ein dobbel bogedam av betong. Ho er 205 meter høg frå fundamentet og 185 meter høg frå elva. Fundamentet er 29,5 meter breitt.[5]
Kjelder