Karl Albert Enger (28. februar 1839–1936) var ein norsk embetsmann og stortingmann frå Kristiania. Han var medlem av Høgre.
Enger var son til ein urmakar. Sjølv vart han student i 1856 og cand. jur. i 1863. Frå 1864 var han assistent og fullmektig ved Christiania Politikammer. Han var politimeister i Tromsø 1873-81 og byfut i Porsgrunn frå 1881 til -95. Sidan var han sorenskrivar i Follo.
Enger var medlem av bystyret i Tromsø 1875-81, og ordførar i Drøbak. Perioden 1889-91 representerte han Porsgrunn på Stortinget. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen, frå 10. mars 1890 var han også medlem av Lagtinget.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914