Kari Hotakainen (fødd 9. januar 1957) er ein finsk forfattar. Han er fødd i Björneborg, men blei utdanna ved Helsingfors universitet og har sidan 1986 budd fast i byen.
Kari Hotakainen har arbeidd som journalist og reklamemann og debuterte som lyrikar i 1982. I 1996 tok han til å skriva på heiltid. Hotakainen har skrive fleire diktsamlingar og romanar, men også barnebøker og radio- og fjernsynsdramatikk. I tillegg er nokre av bøkene hans vorte filmatiserte.
Romanane til Hotakainen skildrar gjerne middelaldrande, middelmådig menn med ein lidenskap, som i
Juoksuhaudantie (2002, norsk På hjemmefronten 2004), der Matti Virtanen, ein mann med det vanlegaste føre- og etternamnet i Finland, gjer alt for å få tak i ein einebustad.
Bibliografi
- 1982 Harmittavat takaiskut, diktsamling
- 1985 Kuka pelkää mustaa miestä, diktsamling ISBN 951-0-13233-0
- 1987 Hot, diktsamling ISBN 951-0-14419-3
- 1988 Runokirja, diktsamling ISBN 951-0-15320-6
- 1990 Lastenkirja, barnebok
- 1991 Buster Keaton: elämä ja teot, roman ISBN 951-0-17446-7
- 1993 Bronks, roman ISBN 951-0-18924-3
- 1995 Syntisäkki, roman ISBN 951-0-20495-1
- 1997 Pariskunta, pukki ja pieni mies, roman
- 1997 Klassikko, roman ISBN 951-0-22223-2
- 1997 Ritva, barnebok ISBN 951-0-21638-0
- 1999 Sydänkohtauksia, eli kuinka tehtiin Kummisetä, roman ISBN 951-0-23878-3
- 2000 Kalikkakasa, samla dikt ISBN 951-0-24924-6
- 2000 Näytän hyvältä ilman paitaa, barnebok
- 2002 Juoksuhaudantie, roman ISBN 951-0-27315-5
- På norsk: 2004 På hjemmefronten, omsett av Tor Tveite (Cappelen, Oslo) ISBN 82-02-23219-8
- På norsk: 2006 Isakskatedralen, omsett av Tor Tveite (Cappelen, Oslo) ISBN 82-02-24858-2
- På norsk: 2009 De skjødesløse, omsett av Tor Tveite (Cappelen Damm, Oslo) ISBN 978-82-02-27400-9
Filmar som byggjer på Kari Hotakainens romanar
Prisar og utmerkingar
Bakgrunnsstoff