Karen Anne Carpenter (2. mars1950–4. februar1983) var ein USA-amerikansk songar og trommeslagar. Ho og broren, Richard, danna i 1970-åra duoen the Carpenters. Ho spelte både trommer og song i duoen. Stemma hennar var ein kontraalt.[1]
The Carpenters fekke i rekkje hittar i 1970-åra, som «(They Long to Be) Close to You», «We've Only Just Begun», «Rainy Days and Mondays» og «Yesterday Once More». Carpenter spelte inn eitt soloalbum seint i 1970-åra, men det vart ikkje gjeven ut då. Ho spelte inn albumet i ein pause frå The Carpenters, men gjekk attende til duoen, og dei fekk ein siste hit i USA, «Touch Me When We're Dancing» i 1981, før ho døydde på tragisk vis. Carpenter leid av anoreksi, ei spiseforstyrring som var lite kjend på den tida. Ho døydde berre 32 år gammal i februar 1983 av hjartesvikt på grunn av sjukdommen hennar.[2] Dødsfallet hennar førte til auka merksemd omkring spiseforstyrringar.[3]
Soloalbumet hennar, kalla Karen Carpenter, kom omsider ut hausten 1996.
Lovord
1975 – I den årlege lesarundersøkinga til magasinet Playboy vart Carpenter kåra til årets trommeslagar.
1999 – VH1 rangerte Carpenter på 29. plassen på lista si over dei 100 største kvinnene i rock and roll.[4]
2008 – Rolling Stone rangerte Carpenter på 94. plass på lista si over dei 100 største songarane gjennom tidene.[5]
Diskografi
Studioalbum
Offering (seinare gjeve ut som Ticket to Ride) (1969)