Det fyrste skipet ein kjenner til som vitja området er det nederlandsk skipet «Leeuwin» ('Løvinna'), som kartla kystområdet i 1622. Neset er kalla opp etter dette skipet, av den britiske navigatøren og kartografenMatthew Flinders i 1801.[2] Flinders var den første som segla heile vegen rundt Australia. Bukta austom det vesle neset – Flindersbukta – er kalla opp etter Matthew Flinders sjølv.
Fyrtårnet på neset er bygt av kalkstein og oppført i 1896. Det er 39 m høgt, med ein base 59 m over havnivå. Fyret var betent manuelt fram til 1982.[3]
Området kring fyrtårnet er naturpark og består av heilandskap og tjukt kratt. Det er habitat for eit stort tal plante- og fugleartar.