Kabbala viste først til ei munnleg overlevert lære som blei skrive ned i Misjna rundt år 200.
Frå 1200-talet var det ei nemning for den mystiske retninga som blei utvikla av jødar i Sør-Frankrike og Nord-Spania (Gerona) på denne tida.
På 1900-talet blei kabbalaundervising utvikla som ei nyreligiøs rørsle av mellom anna Kabbalah Centre i USA.