Kármi (gresk Κάρμι, tyrkisk Karaman eller Karmi) er ein busetnad på Kypros i distriktet Kerýnia i Republikken Kypros.[2]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros i distriktet Girne, fordelt på to ulike administrative einingar:[1]
- Aşağı (=Nedre) Karaman er administrert som ein del av kommunen Girne (Kerýnia).
- Karaman eller Yukarı (=Øvre) Karmi ligg utanom kommunestrukturen.
Ved folketeljinga i 2011 hadde Aşağı Karaman 675 innbyggjarar, medan Yukarı Karmi hadde 55 innbyggjarar.[1]
Referansar