I februar 2015 blei Pootsmann kjend for eit større publikum då han deltok i den sjette sesongen av Eesti otsib superstaari, den estiske versjonen av Idol. Han vann konkurransen 31. mai 2015, og slapp samstundes debutsingelen «Torm». Singelen nådde ein sjuandeplass på den estiske airplay-lista. 15. november 2015 slapp han singelen «Aga Siis» som gjekk til topps på radiolista. Fem dagar etter slapp han sin sjølvtitulerte EP.[5]
Eurovision Song Contest 2016
I 2016 deltok Pootsmann i den estiske songtevlinga Eesti Laul, der vinnaren får representere Estland i Eurovision Song Contest. Han deltok i semifinale 2 med låten «Play[6]» og avanserte til finalen 5. mars 2016 i Saku Suurhall i Tallinn. Der vann han til slutt superfinalen med 32 394 telefonrøyster og vann retten til å representere Estland i Eurovision Song Contest 2016.[7][8]
I Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm deltok Pootsmann i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2016. Der enda han på 18. og sisteplass, det dårlegaste resultatet til Estland i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1994. Han nådde dimed ikkje finalen laurdag 14. mai 2016.[9]
Eesti Laul 2021
I 2021 deltok Pootsmann på nytt i Eesti Laul med songen «Magus melanhoolia».[10] Vinnaren av tevlinga fekk representere Estland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam. Pootsmann deltok i semifinale 2 laurdag 20. februar, der han gjekk vidare til finalen 6. mars 2021. I finalen enda han på tredjeplass.
Kjelder
↑Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.