Jørgen Hanssen Gunnestad (17. august 1862–23. januar 1945) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Våle i Vestfold. Han representerte partiet Høgre på Stortinget i tida 1913-21.
Gunnestad var son til ein gardbrukar i Våle. Han tok eksamen ved borgarskulen i Holmestrand i 1879, og ved Jarlsberg amtsskule året etter. Frå 1879 var han lennsmannsdreng og sidan lensmannfullmektig. Han arbeidde så på farsgarden, som tok over i 1888.
Gunnestad var medlem av heradsstyret i 15 år og disponet for Holmestrand meieri. I tre stortingsperiodar frå 1913 til -21 representerte han einmannskrinsen Skoger på Stortinget, vald på Høgre sitt program. Han var medlem i Tollkomiteen i dei to fyrste treårsbolkane, i den siste bolken var han medlem i Landbrukskomiteen.
Kjelder