Jørgen Brekke (fødd 26. april 1968)[1] er ein norsk kriminalforfattar. Han debuterte i 2011 med romanen Nådens omkrets.[2] Andreboka, Drømmeløs, vart utgjeven i januar 2012[3], og den tredje i serien, Menneskets natur, kom i februar 2013.[4]
Brekke er oppvaksen i Horten og er utdanna lektor frå NTNU. Han er busett i Trondheim og arbeider deltid innan omsorg og som frilansjournalist.[5] Han har mellom anna skrive for magasinet Levende Historie.[6]
Debutboka fekk positive kritikkar,[7] var hovudbok i Bokklubben Nye Bøker og er seld til ti land.[5] Brekke fekk Norlis debutantpris for boka.[8]
Trondheimspolitimannen Odd Singsaker er hovudperson i dei tre første bøkene hans, og hendingar langt attende i historia er delar av handlinga.
Bøker
Kriminalromanar
- 2011 – Nådens omkrets[9]
- 2012 – Drømmeløs[10]
- 2013 – Menneskets natur[11]
- 2014 – Doktor Fredrikis kabinett
- 2016 – Paradisplaneten
- 2017 – Avgrunnsblikk
- 2018 – Alle kan drepe
Ungdomsbøker
- 2016 – Akademiet (Oppdrag Mars 1)
- 2017 – Reisen (Oppdrag Mars 2)
- 2018 – Planeten (Oppdrag Mars 3)
Bidrag i antologiar
- 2014 – Påskekrim 2014 : 18 kriminalnoveller
- 2015 – Årets påskekrim : 13 kriminalnoveller fra spenningens mestere
- 2015 – Påskekrim 2015 : 17 kriminalnoveller
- 2017 – Påskekrim 2017 : 17 krimnoveller
Prisar og utmerkingar
Referansar
Bakgrunnsstoff