Jón Þór "Jónsi" Birgisson (ˈjouːn ˈθouːr ˈpɪrkɪsɔn, ˈjounsɪ) (fødd 23. april 1975) er gitarist og vokalist i det islandske post-rock-bandet Sigur Rós. Han er kjend for å spele gitar med ei cello-boge, og er blind på høgre auge. Jón er ope homofil[1].
Han er fødd og oppvaksen i Reykjavik på Island, og var med i grunge rock-bandet Stoned frå 1992-1993. Han var òg vokalist og frontfigur i bandet Bee Spiders i ei kort periode. Han starta Sigur Rós i 1994 saman med bassist Georg Hólm og trommeslagar Ágúst Ævar Gunnarson.
Kjelder