Johan Julius Olsen (17. oktober 1832–3. september 1907) var ein norsk sjømann, skipsreiar og gardbrukar frå Vanse i Vest-Agder.
Olsen var fødd på garden Helvik i Vanse, far hans var gardbrukar og sjømann. Sjølv reiste han til sjøs frå 1847, som skipper frå 1853. I 1871 slo hans seg ned på garden Kjørrefjord i Vanse, vart skipsreiar og dreiv garden. Garden hadde han kjøpt i 1864. Åra 1899-1905 var han medlem av riksskattekommisjonen, då busett i Kristiania.
Olsen var medlem av heradsstyret i Vanse, ordførar 1877-89. Han var medlem av amtsutvalet, og styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Kristiansand frå 1898. Elles var han medlem av kongelege kommisjonar om navigasjonslova (1884) og om tollova (1898).
Olsen representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1880-88 og 1892-97. Dei fyrste ni sesjonane var han medlem av næringskomite nr 1. Også dei to siste sesjonane var han medlem av næringskomite nr 1, men òg av valkomiteen. I tillegg var han i 1893 medlem av kontraktørkomiteen, 1894 av konsulatkomiteen og 1897 av fullmaktskomiteen.
Olsen døydde på garden sin i Vanse i 1907.
Kjelder