«Joy to the World» er ein populær julesong i den engelskspråklege verda.[1] Teksten er skriven av den engelske salmeforfattaren Isaac Watts, basert på Salme 98 i Bibelen. Songen vart først publisert i 1719 i samlinga til Watts: The Psalms of David: Imitated in the language of the New Testament, and applied to the Christian state and worship. Watts skreiv teksten til «Joy to the World» som ein hymne som lovprisa Jesu gjenkomst,[2] og ikkje ein song om Jesu fødsel. Berre den andre halvdelen av teksten til Watts vert framleis nytta i dag.[3]
Musikken vart tilpassa og arrangert til teksten til Watts av Lowell Mason i 1839 frå ein eldre melodi som ein då trudde kom frå Händel, ikkje minst fordi temaet i refrenget (And heaven and nature sing...) finst i orkesteropninga og akkompagnementet til resitativetComfort ye frå Messias av Händel, og dei første fire tonane er lik byrjinga på koralane Lift up your heads and Glory to God frå det same oratoriet. Händel komponerte likevel ikkje heile melodien.[4] Namnet «Antioch» vert generelt nytta om melodien.
Seint på 1900-talet var «Joy to the World» den mest publiserte julesongen i Nord-Amerika.[1]
Kjende innspelingar
Av kjende innspelingar av songen finst ein instrumentalversjon dirigert av Percy Faith. Han vart først spelt inn i 1954 på albumet hans Music of Christmas (Columbia CL 588), og igjen i stereo i 1959 som Columbia 8176.
John Rutter arrangerte julesongen i stilen til Händel og spelte inn dette arrangementet to gonger med Cambridge Singers, for julealbuma deira Christmas Star (1983) og Christmas with the Cambridge Singers (1989).
Joy to the world! the Lord is come;
Let earth receive her King;
Let every heart prepare him room,
And heaven and nature sing,
And heaven and nature sing,
And heaven, and heaven, and nature sing.
Vers 2
Joy to the world! the Saviour reigns;
Let men their songs employ;
While fields and floods, rocks, hills, and plains
Repeat the sounding joy,
Repeat the sounding joy,
Repeat, repeat the sounding joy.
Vers 3 (valfritt)
No more let sins and sorrows grow,
Nor thorns infest the ground;
He comes to make His blessings flow
Far as the curse is found,
Far as the curse is found,
Far as, far as, the curse is found.
Vers 4
He rules the world with truth and grace,
And makes the nations prove
The glories of His righteousness,
And wonders of His love,
And wonders of His love,
And wonders, wonders, of His love.
Parodiar
Joy to the World, Our Teacher's Dead er ein parodi som engelskspråklege skuleborn syng.
Kjelder
↑ 1,01,1Han vart publisert i 1387 salmebøker i Nord-Amerika før 1979 i følgje Dictionary of North American Hymnology. Top 20 Christmas hymns, sirtert ved Hymnary.org.