Jonas Knudsen Moe Linvaag (fødd 16. desember 1759 i Ålvundeid, død 19. mai 1831 på Tustna)
var ein norsk gardbrukar, underoffiser og stortingsrepresentant i éin periode.[1] Han verva seg som soldat og var i Den Kongelige Livgarde til Fods i København frå 1778 til 1795.[1][2]
Da det skulle velgast utsendingar til Eidsvoll i 1814 var han valmann. Moe var 2. representant frå Romsdals amt til stortinget i 1815.[3] Han var også 1. suppleant til stortinget i 1814.[1]
Kjelder