Jon Jonsson Wold (12. mars 1795–29. juni 1889) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Åsen i Nord-Trøndelag.
Wold var son av ein gardbrukar i Åsen. Sjølv vart han lensmann i Åsen i 1816, eit ombod han hadde i femti år. I 1822 kjøpte og dreiv han eit bruk på garden Huseby, men frå 1829 var han gardbrukar på Hove i heimbygda. Dette dreiv han mykje fram, med både mylne og sagbruk.
Wold var medlem av heradsstyret, forlikskommissær 1825-79 og styreformann i den lokale sparebanken frå 1862 til 1881. På Stortinget 1845 var han 2. representant frå Nordre Trondhjems amt, medlem av gasje- og pensjonskomiteen.
Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.
Han døydde på garden sin i Åsen i 1889.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914