Jon Jonsson Harildstad (11. mars 1804–31. desember 1884) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Østre Gausdal i Oppland.
Han var son til ein gardbrukar på Vålen i Østre Gausdal. Sjølv var han gardbrukar på Harildstad i bygda Nord-Fron frå 1832 til 1866. I 1837 kom han med i det fyrste heradsstyret, der han var ordførar i mange år.
Harildstad var valmann frå 1835 til 1866. Han vart sjølv vald til stortingsmann 1845-54 og 1862-66. På alle tingsamlingane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, frå 1851 var han også medlem av Lagtinget.
Han døydde på garden sin i 1884.
Kjelder