Jon Herwig Carlsen (15. april 1937–10. april 2022) var ein norsk sportskommentator som var tilsett i NRK frå 1967 til 2007, etter det som frilansar til 2012. Carlsen var nok best kjend som langrenns- og skiskyting-kommentator saman med Kjell Kristian Rike, der Carlsen jamleg las opp eigenproduserte og innsendte limerick – til enkelte sjåarar sin hugnad, og andres irritasjon.
Carlsen kommenterte langrenn og skiskyting i kvart einaste OL og VM frå 1970-talet til fram til 2012.[treng kjelde] I fleire år kommenterte han skihopp saman med Arne Scheie. Carlsen kommenterte òg ishockey, motorsport, segling, padling, roing, curling og sykling for NRK.
I tillegg til jobben i sportsredaksjonen var Carlsen NRKs trafikkjournalist i mange år, og var ansvarleg for programmet Trafikkposten.