John McNally (fødd 30. august 1941) er ein engelsk gitarist og vokalist. Han var ein av dei opphavlege medlemmane i The Searchers frå 1957, og er framleis i bandet over 50 år seinare.[1]
McNally byrja å spele skiffle og var først inspirert av countrysongarar som Hank Williams, Johnny Cash og Hank Snow, men etter å ha spelt på Star-Club i Hamburg i Tyskland, og spesifikt etter å ha spelt med Fats Domino på klubben, tok musikken hans ei retning mot Soul og rhythm & blues.