John Hume (18. januar 1937–3. august 2020 var ein nordirsk politikar og nobelprisvinnar, fødd og død i Derry.
Hume var ein sentral politikar i Nord-Irland som formann i Social Democratic and Labour Party frå 1979 til 2001. I 1990-åra spelte han ei viktig rolle i arbeidet som i 1998 førte fram til Langfredagsavtalen. For sin innsats vart han tildelt Nobels fredspris 1998 saman med David Trimble, leiaren i Ulster Unionist Party.
Hume var medlem av det nordirske parlamentet frå 1969 til det vart nedlagt våren 1972. Gjennom heile 25 år, 1979-2004, representerte han Nord-Irland i Europaparlamentet. Ved det britiske parlamentsvalet i juni 1983 vart han vald til å representere den nye valkrinsen Foyle i Westminster. Gjennom stadige attval kom han til å ha plass i parlamentet til han i 2005 let vere å stille til val.
Kjelder