Johannes Vinjum (2. august 1930–23. november 1991) var ein norsk kunstmålar og grafikar, fødd og oppvaksen i Aurland i Sogn. Vinjum tok kunststudiar i Oslo der han vart buande til han døydde. Fleire av arbeida hans er å finne i Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Museet for samtidskunst. Hans kjæraste motiv var fjella i Aurland, katedralen i Chartres og borneportrett. Vinjum var Festspelutstillar i Bergen i 1984.
Etter at han døydde gav familien ei stor målerisamling til Aurland kommune. Denne samlinga er no å finne i Galleri Vinjum på Aurlandsvangen.
Kjelder
- Flor, Rostad, Hougen: Johannes Vinjum
- Johannes Vinjum i Norsk Biografisk Leksikon, skriven av Vibeke Hurum.