Johanne Nylænd
|
|
Nasjonalitet |
Norsk
|
Fødd |
2. februar 1855 Kjellingtveit i Rauland
|
Død |
9. januar 1930 (74 år)
|
Yrke |
Vevar og lærar i veving
|
Tema |
Plantefarging
|
Debut |
Norske plantefargar
|
Johanne Nylænd (fødd 2. februar 1855 i Rauland, død 9. januar 1930) var ein norsk vevar og plantefargingsekspert som skreiv handboka Norske plantefargar.
Nylænd var fødd på garden Kjellingtveit i Rauland. Som ung laut ho ut i teneste og fekk ikkje byrja å lære seg åkleveving før ho var 28 år gamal. Det var noko ho lenge hadde ynskt. I 1891 fekk ho pengestøtte til å gå eit seksvekerskurs halde av Norske husflidsvenner i Oslo, og i 1896 var ho i Oslo på kurs att og fekk timar i vevnad, korgmaking, raffia og rottingsarbeid. Attende i Telemark heldt ho vevskule, i Rauland i 1892, i Vinje i 1896 og i Fyresdal i 1899.
Nylænd ynskte å lære seg om plantefarging og fekk støtte til det av Stortinget. Ho reiste rundt og sanka planter og snakka med gamalt folk. I 1904 vart so handboka Norske plantefargar gjeven ut av Rikard Berge. Boka har sidan kome i fleire utgåver og opplag, og er for ein klassikar å rekne.
Kjelder
- Rikard Berge: Føreorda til fyrste og andre utgåva av Norske plantefargar