Johann Balthasar König (28. januar 1691–2. april 1758) (datoane viser til dåp og gravferd) var ein tysk komponist frå Waltershausen. Han vart gravlagd i Frankfurt am Main.
König studerte under Georg Philipp Telemann ved St. Katarinakyrkja i Frankfurt am Main. Her gjorde han sidan teneste, før han fekk teneste ved Barfüsser-kirche og underviste i song ved det lokale gymnaset.
Blant arbeida hans er koralboka Harmonischer Lieder-Schatz, oder Allgemeines Evangelischen Choral-Buch (Frankfurt am Main, 1738).
Kjelde