Johan Storm Munch (21. oktober 1827–13. august 1908) var ein norsk prest og forkynnar, fødd i Kristiansand. Han var son til biskop Johan Storm Munch og bror til Andreas Munch.
Munch vart cand.theol. i 1852. Åra 1855-59 var han prest i Nord-Amerika. Frå 1860 til 1866 var han prest ved Botsfengslet i Kristiania, der etter garnisonsprest i Horten i ni år til 1875. Han la i 1875 ned embetet sitt grunna «ymse sermeiningar» og var sidan ein kjend privat forkynnar med base i hovudstaden. Med si forkynnargjerning la Munch grunnen til den lutherske frikykja.
Kjelder