Johan Oscar Smith (11. oktober 1871–1. mai 1943) var ein norsk militær- og kyrkjelydsleiar, mest kjend som grunnleggaren av den frikyrkjelege kyrkjelyden Smiths venner.
Smith blei fødd i Fredrikstad i 1871 og voks opp i ein kristen heim. Seinare flytta han til Horten. Deretter verva han seg i marinen som 17-åring, og tenestegjorde der i nesten 40 år. 26 år gammal, i 1898, omvende han seg til Gud og kom fram til den forståinga som er grunnlaget for Smiths venner sin doktrine i dag. Seinare danna han ein kyrkjelyd, blant anna saman med sin bror Aksel Smith, som då var tannlege, og Elias Aslaksen. Aslaksen blei den leiande personen i kyrkjelyden etter at Johan Oscar Smith døydde i 1943.
Bibliografi
Bakgrunnsstoff