Johan Lauritz Rasch (1. desember 1829–5. mars 1901) var ein sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Kristiania.
Liv og virke
Bakgrunn
Rasch var son til ein hamnefut. Han vart student i 1848 og cand. jur. i 1852. Deretter var han i fire år fullmektig hos sakførar i heimbyen. Frå 1856 arbeidde han i Fredrikshald (Halden), fram til 1876 som overrettssakførar, sidan som byfut 1876–1881. Åra 1881–1890 var han amtmann i Smaalenene.
Karriere
Han var ordførar i Fredrikshald frå 1865 til 1881. Elles var han styremedlem av Fredrikshalds bankkontor 1881–1887 og ei tid styreformann i Dalslandsbanen.
Rasch var Fredrikshald sin representant på Stortinget 1871–1873, 1880–1882 og på omframstortinget 1882. I den fyrste perioden var han sekretær i Stortinget og medlem av justiskomite nr 2, i den andre var han medlem av justiskomiteen.
Rasch døydde i Kristiania i 1901.
Kjelder