Johan Jørgen Broch (24. juni 1802–22. juni 1861) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiansand.
Broch var fødd i Kristiansand, der faren var bakarmeister. Sjølv vart han student i 1821 og cand. theol. i 1826. Han var sokneprest i Tranøy 1826-36 og Ibestad 1836-37. Frå 1837 til han døydde var han sokneprest i Tveit.
På Stortinget 1836 og overordentleg storting 1836-37 representerte Broch Finmarkens amt. Han var medlem av Lagtinget, og dermed riksretten i 1836. Også medlem av budsjettkomiteen, medan han i 1836-37 var medlem av gasjekomiteen.
Broch døydde på prestegarden i Tveit i 1861.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914