Joan Baez in Concert, Part 2 var det andre konsertalbumet til Joan Baez, spelt inn under turneen hennar i USA tidleg i 1963. Albumet nådde sjuandeplassen på
Billboard Pop Albums-lista.
Teksten på plateomslaget inneheld eit dikt av Bob Dylan utan tittel, med det gjentakande temaet «An' I walked my road an' sung my song», som refererer til forholdet mellom dei to.
På den originale vinylutgåva til Vanguard hadde stereo- og monoutgåva[1][2] forskjellig innhald. Songen «With God on Our Side» frå stereoutgåva, var ikkje med på monoutgåva. I staden for hadde monoutgåva «Railroad Bill» og «Rambler Gambler».
I 1988 gav Vanguard ut det meste av Part 2 i lag med det meste av Part 1 på ein enkel CD kalla Joan Baez in Concert (det var ikkje plass til begge albuma på ein enkel CD).
Ei utgåve frå Vanguard frå 2002 inneheld alle songane frå stereo- og monoutgåvene, i tillegg til tre bonusspor som ikkje var gjeven ut før: «Death of Emmett Till,» «Tomorrow is a Long Time» og «When First Unto This Country A Stranger I Came.»[3]
I meldinga si for Allmusic skreiv Richie Unterberger om album «Repertoaret hennar utvikla seg frå reint tradisjonelle viser til å dekke songar av moderne visesongarar. Endringa var likevel ikkje så radikal at ho framandgjorde fansen sin, og albumet inneheld framleis mange tradisjonelle viser av typen som lanserte karrieren hennar. Å spele nye songar gjorde mykje for å hindre at ho fall inn på «maiden-of-constant-sorrow»-sporet.»[4]
Innhald
Alle songane er tradisjonelle utanom der andre er nemnde.