Jevgenij Nikolajevitsj Avertsjenko (fødd 6. april 1982 i Petropavlovsk i Nord-Kasakhstan) er ein kasakhstansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Aqtöbe i den kasakhstanske fotballigaen. Han har òg landskampar for Kasakhstan.
Avertsjenko begynte proffkarrieren sin i 2001 i klubben Jesil-Bogatyr, som no heiter FK Qyzylzjar. I 2009 gjekk han over til Aqtöbe, som vart seriemeister i Kasahstan same året. Han debuterte på Kasakhstan sitt A-landslag 6. juni 2009 i ein kamp mot England.