Jermaine Jackson |
Jermaine Jackson i 2007 |
|
Fødd | 11. desember 1954 |
---|
Fødestad | Gary |
---|
Fødenamn | Jermaine La Jaune Jackson |
---|
Alias | Muhammad Abdul-Aziz |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | 1964- |
---|
Sjanger | Pop, rhythm and blues, |
---|
Instrument | Vokal, el-gitar, bassgitar |
---|
Tilknytte artistar | The Jackson 5 |
---|
Plateselskap | Motown, Epic, Arista, LaFace |
---|
Verka som | Songar, låtskrivar, plateprodusent, arrangør, dansar, |
---|
Mor | Katherine Jackson |
---|
Far | Joe Jackson |
---|
Born | Jaafar Jackson |
---|
Prisar | Order of the Republic of The Gambia |
Jermaine La Jaune Jackson (fødd 11. desember 1954) er det fjerde eldste barnet i familien Jackson frå Gary, Indiana, og ein av medlemene i The Jackson 5. Han er mest kjend som songar, men spelar også el-gitar og bassgitar.
Biografi
Jermaine var med i The Jackson 5 heilt frå byrjinga, men trekte seg i 1975 for å driva solokarriere. Han vart då erstatta av veslebroren Randy Jackson. Jermaine vart med att ein periode ifrå 1984 fram til bandet meir eller mindre gjekk i oppløysing.
Jackson voks opp som Jehovas vitne, men har i vaksen alder konvertert til islam. Han har sju born med 3 ulike kvinner.
Diskografi
Som soloartist gav han ut si fyrste plate i 1972, og fram til i dag har han gjeve ut i alt tjue album, 13 studioplater og 7 samleplater.
- Jermaine (1972)
- Come Into My Life (1973)
- My Name Is Jermaine (1976)
- Feel The Fire (1977)
- Frontiers (1978)
- Let's Get Serious (1979)
- Jermaine (1980)
- I Like Your Style (1981)
- Motown Superstar Series, Vol. 17 (1981)
- Let Me Tickle Your Fancy (1982)
- Dynamite (1984)
- Precious Moments (1986)
- Don't Take It Personal (1989)
- You Said (1991)
- Greatest Hits & Rare Classics (1991)
- Dynamite - The Encore Collection (1999)
- The Heritage Collection (2000)
- Ultimate Collection (2001)
- Big Brother Jermaine - The Jermaine Jackson Collection (2007)
- Greatest Hits (2009)
Kjelder
- Engelsk Wikipedia om Jermaine Jackson, henta inn 4. april 2011.
Bakgrunnsstoff