Jenta med garde er namnet på ein lausslått frå Valdres, del av ein større slåttekrins med utbreiing over mange dalføre. Difor er slåtten rekna til vandreslåttane. Slåtten er for det meste nytta til lausdans, men er og nytta som gangar, særskild i Numedal og Telemark. Det knyter seg ei rekkje stev til dei ulike formene av slåtten. Slåtten er ikkje registrert vestafjells, og difor er det rimeleg at kjerneområdet for slåtten er Buskerud.
Slåtteformene har ulike namn, som Rikanguten, Spursmann, Suserua, Sullarguten eller Skripalåtten. Mange av steva og namna knyter dei ulike formene til gamle tradisjonar for frieri. I det førindustrielle bondesamfunnet var ei jente med gard (ei odelsjente), noko av det gjævaste ein kar kunne vinne.
Namnet jenta med garde skriv seg frå stevet:
- Det var troll te snåle kar,
- det var synd han har kje gard (Sullarguten).
Eller
- Hei for flinke gut eg har.
- Det var synd han har kje gard (Suserua).
Variantgruppa
Slåttekrinsen har variantnummer 105/128 i Hardingfeleverket.
- er du rikanguten, du?
- har du knapp i vesten rau?
- Har du fengje av gjenta jau?
- Kanskje har du gard au?
- b: Suserua, etter Torgeir Grotbekk, Heddal [2][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1924 (B 780). Grotbekk hadde slåtten etter Johannes Kopperstugu, Heddal, som var av Sagafoss-ætta. Slåttenamnet skriv seg frå plassen Suserud under garden Høybø, ikkje langt frå Notodden.
- c: Hau te` flinke gut eg hev, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [3][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 2385). Haugerud kan ha fått slåtten frå Wilhelm Sorteberg. Grunntaka minner mykje om Rikanguten.
- d: Sullarguten, etter Gunnleik Smedal, Flatdal, Seljord [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 560). Til denne slåtten finst og stevet Spela gut du bippason, du bippason. Smedalskarane hadde fått slåtten av Svein Løndal. Kjetil Løndal kalla slåtten Ola, Guri, Hans og Turi. Svein Løndal hadde vore ein del i lag med felemakar og spelemann A. C. Kleven frå Krødsherad, og kan han fått slåtten frå han.
nr 128: