«Jeg vet om en gutt» eller «Jeg vet om en jente» er ein singel av Randi & Torill (His Master's Voice AL 6146) og Vestlandsduoen (Nor-Disc NOR 146), gjeven ut i 1967. Vestlandsduoen var Kari & Ivar Medaas. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]
Eurovision
Melodi Grand Prix 1967
«Jeg vet om en gutt/jente» deltok i Melodi Grand Prix 1967, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1967 i Wien i Austerrike. Songen vart framført på norsk av Randi & Torill med eit lite orkester, og hadde då tittelen «Jeg vet om en gutt», og så på nytt av Vestlandsduoen ( Kari Medaas & Ivar Medaas) med eit stort orkester, då med tittelen «Jeg vet om en jente». Bidraget enda på femte- og sisteplass med eitt poeng; frå Trondheim.[2][3]
Fotnotar