Jean-Robert Argand (18. juli 1768–13. august 1822) var ein dugande fransk amatørmatematikar. I 1806, medan han styrte ein bokhandlar i Paris, publiserte han geometriske tolkingar av komplekse tal, kjend som Argand-diagram. Han er med tida blitt rekna som oppdagaren av denne framstillinga, men både Carl Friedrich Gauss, og særleg Caspar Wessel med avhandlinga si i 1797, kom han i forkjøpet.
Kjelder
«Jean Robert Argand» i Store norske leksikon, snl.no.