* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. november 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 27. juni 2010
Javier Hernández Balcázar (fødd 1. juni1988) er ein meksikansk fotballspelar som har spela for Manchester United. Kallenamnet hans, Chicharito, tyder den vesle erta.
Karriere
Hernández starta karrieren sin i heimklubben Guadalajara som 11-åring i 1997, og heldt fram i klubben til han gjekk over til fyrstelaget i 2006. Frå 2006 til 2010 skåra han der 26 mål på 64 kampar.
Hernández vart teken ut til det meksikanske landslaget til fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Allereie vinteren før VM hadde Manchester United kjøpt spissen for å forsikra seg om at ingen andre kunne kjøpa han ved å sjå kor godt han gjorde det i VM. Han skåra to mål i meisterskapen, eitt i ein 2-0 siger over Frankrike, og eitt trøystemål då Mexico vart slått ut 1 - 3 av Argentina i ein åttandedelsfinale.
Den statistiske analysen til FIFA synte at Hernández var den raskaste spelaren i heile verdsmeisterskapen det året. Han nådde ein toppfart på 32.15 km/t.
Hernández spelar no for Manchester United, og har fått ein strålande start der med 11 mål på 20 kampar så langt.
Kjelder
Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Hernández.