Whistler flytta til Paris som ung mann, der han vart kjent med, og påverka av, fremstående franske kunstnarar som Gustave Courbet og Édouard Manet. Etter å ha teke avstand frå Courbet og realismen, slo han seg ned i London der han utvikla sitt karakteristiske og forenkla biletuttrykk. Mange ser bileta til Whistler som forløparar for det abstrakte måleriet på 1900-talet.