Jakob Steiner (18. mars 1796–1. april 1863) var ein sveitsisk matematikar som hovudsakleg arbeidde med geometri.
Han var ei tid knytt til skulen til Heinrich Pestalozzi og var frå 1834 professor i Berlin. Saman med Niels Henrik Abel var han medarbeidar i journalen til August Leopold Crelle, og er særleg kjend for den grunnleggande innsatsen i syntetisk geometri.
Kjelder
«Jakob_Steiner» i Store norske leksikon, snl.no.