Jakob Pedersen Bolstad (5. april 1776–4. august 1832) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ringsaker i Hedmark.
Bolstad var son av ein gardbrukar i Ringsaker. Sjølv gifta han seg med ei enke på garden Bolstad i heimbygda og var sidan gardbrukar på denne. Han representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1821, omframstortinget 1822 og Stortinget 1824. I 1821 var han medlem av fem komitear, der i mellom formannskapslova og om sportellova. 1 1824 var han medlem av justiskomiteen.
Han døydde på garden sin i Ringsaker i 1832.
Kjelder