Jacques Madubost (6. juni 1944–29. juni 2018) var ein fransk friidrettsutøvar og pistolskyttar frå Dangeau i Eure-et-Loir. Han tevla i høgdehopp, ei øving han vart europameister i i 1966.
Aktiv
Madubost, som aldri lukkast verte fransk meister i høgdehopp, sigra overraskande i høgdehopptevlinga under europameisterskapen 1966 i Budapest. Med 2,12 meter enda han på same høgda som sølvvinnaren, landsmannen Robert Sainte-Rose. Same sesongen forbetra Madubost den franske rekorden til 2,15 m.
Etter han slutta med friidrett, deltok han i skytesport som pistolskyttar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 1966 i Budapest: Gullmedalje – 2,12 m, framom Robert Sainte-Rose (2,12 m)
Kjelder