Jacques Ibert var fødd og døydde i Paris. Han studerte musikk ved konservatoriet i Paris og i Italia.
Studiane hans blei avbrotne av første verdskrigen, då han tenestegjorde som marineoffiser.
I 1919 vann han Prix de Rome for kantaten «Le Poète et la fée», noko som gav han høve til å bu og arbeida i Villa Medici, det franske akademiet i Roma. Her skreiv han den populære symfoniske suiten Escales (1922). I 1937 blei Ibert utnemnd til direktør for Det franske akademiet i Roma, ei stilling han hadde fram til 1960. Under andre verdskrigen blei musikken hans bannlyst av Vichy-regimet, og han måtte etterkvart reisa i eksil til Sveits.
I 1955 blei Ibert utnemnd til styrar for Réunion des Théâtres Lyriques Nationaux, som var ansvarleg både for Opeaen i Paris og Opéra-Comique. Helsa gjorde at han måtte trekka seg frå stillinga etter mindre enn eit år. Kort tid etter blei han vald inn til Académie des Beaux-Arts. Han døydde i Paris.
Verk
Ibert komponerte musikk fram til rundt 1960. Han skreiv musikk innan dei fleste sjangrar: Orkesterverk, opera, kammermusikk, klavermusikk, songar, kormusikk og filmmusikk. Populære verk var den symfoniske suiten Escales (1922), operaen Angélique (1926) og kammerorkesterverket Divertissement (1930).
Av andre komposisjonar kan nemnast Le Roi d'Yvetot (1928), L'Aiglon Cardinal (1937, med Arthur Honegger), La Ballade de la geôle de Reading (1921, eit symfonisk dikt etter Oscar Wilde, som ballett i 1947), Escales (1922, ballettutgåve i 1948), konsert for fløyte og orkester (1934), Concertino da camera for altsaksofon og 11 instrument (1934), Symphonie concertante for obo og strykere (1951) og ein strykekvartett frå 1942.
Jacques Ibert sin musikk er blitt skildra som vital og vittig, med sterkare lyriske drag i seinare verk. Han var ein dyktig instrumentator og er kjend for sine fargerike orkesterverk.