Jacques Herbrand (12. februar 1908–27. juli 1931) var ein fransk matematikar.
Sjølv om han døydde ung, berre 23 år gammal, så rakk han å gjere ein stor innsats innanfor matematisk logikk og algebraisk talteori, særleg klassefeltteori. Særleg viktig var arbeidet hans innanfor matematisk logikk, der han saman med K. Gödel og T. A. Skolem var ein hovudperson i utviklinga som matematisk logikk gjennomgikk omkring 1930.
Han introduserte den rekursive funksjonen. Herbrand-teoremet syner til eit av to heilt forskjellige teorem. Eit av dei er frå doktorgradsavhandlinga hans om bevisteori, og den andre til Herbrand–Ribet-teoremet. Herbrand-kvotienten er ein Euler-karakteristikk, nytta i homologisk algebra.
Han omkom då han fall utanfor Massif des Écrins i Alpane.
Kjelder