David var førande innanfor nyklassisismen, men blei opplært av Joseph Marie Vien i ein rokokkotradisjon i stilen til François Boucher. Denne retninga forkasta David med måleriet Horatiar-eiden, som blei framsynt i 1784 både i Roma og Paris og straks vidgjete som eit banebrytande verk. Fargane var lysande og klare og teikninga fast, naturleg og kraftfull. Motivet vende seg i tillegg vekk frå dei sutlause forlystingane til aristokratiet, og søkte i staden tilbake til dei strenge dydane frå den romerske republikken.
Som ivrig republikanar, jakobinar og venn av revolusjonsleiaren Maximilien de Robespierre, hylla David dei revolusjonære sigrane, som i Eiden i ballhuset, og lovprisa martyrane, som i Marats død. I det skjebnetunge Liktorane fører heim lika av sønene til Brutus vender han tilbake til motivet med republikkdydane. David blei fengsla etter at Robespierre fall i 1794, og frå cella måla han sitt einaste landskapsbileteUtsyn over Luxembourghagen, eit lite meisterverk innanfor sjangeren, svært romantisk, varmt og uttrykksfullt. Portretta hans er klare, men ikkje strenge, til dømes det av ektefellane Sériziat og den vakre, vidgjetne Madame Récamier (1800).
David var den store Napoleon-skildraren framfor nokon. Han blei hoffmålar for keisaren i 1804 og lagde blant anna det mektige og pompøse Napoleons kroning i åra 1805 til 1807. Etter at Napoleon fall i 1816 måtte han likevel rømme frå landet og søkte tilflukt i Brussel.
Som møbelarkitekt var David ein av dei første som kopierte møblar direkte frå antikken, og hans verk spelte ein grunnleggjande rolle for utforminga av empirestilen.