Jacob Roll (10. januar 1794–23. november 1857) var ein norsk gardbrukar, brukseigar og stortingsmann frå Spydeberg i Østfold.
Roll var son til ein sorenskrivar. Han overtok garden Haugen i Spydeberg frå far sin, der han også hadde sagbruk og mylnebruk. Frå 1837 til -41 var han den fyrste ordføraren i Spydeberg, på ny ordførar 1847-51. Tida 1843-56 var han forlikskommissær.
Roll representerte Smaalenenes amt på Stortinget frå 1836 til 1851. Han møtte første gongen 26. mai 1836 og på omframstortinget 1836-37 som 1. varamann, i staden for Ole Korfitssen Lund. Sidan var han fast representant. Han var 1836 medlem av kyrkjekomiteen, 1839, -45 og -48 av militærkomiteen og 1851 av militærkomite nr 1. Elles var han medlem av næringskomite nr 2 i 1842 og av valkomiteen i 1851.
Han døydde på eigedomen sin i Spydeberg i 1857.
Kjelder